Kristen Arnestad er kommen godt i gang med vikingskipet som skal på sjøen neste sommar.

- Her må det spekulerast

— For meg er dette noko heilt nytt og eit veldig kjekt oppdrag, fortel Kristen Arnestad, båtbyggaren som har fått i oppdrag å bygge eit vikingsskip. Reiar og oppdragsgjevar er Rune Kjørvik.

Litt anna enn færing
Kristen Arnestad har gjennom åra bygd ein stad mellom 130 og 140 færingar, i tillegg til å ha reparert mange. Handverket har gått frå far til son i generasjonar, men Kristen er no den einaste som er att av det gamle og solide båtbyggarmiljøet på Sørstranda.
— Det å bygge eit vikingsskip er i prinsippet det same som å bygge ein færing. Skilnaden er først og fremst storleiken, teknikken er stort sett den same. Men å bygge færingar har etter kvart blitt rutine, her må det spekulerast litt meir sidan forma er annleis og borda må bøyast annleis enn på færingen.

Blir til undervegs
Kristen Arnestad starta bygginga av vikingskipet i midten av juli, og har som mål å få båten på sjøen til neste sommar. Men før den tid ventar mange arbeidstimar og ein god del spekulering.
Farkosten skal ha sju bordgangar, og med 12 meters lengde blir det nesten 170 meter med furubord. Ein del av—Problemet med skogen rundt om her, er ofte tørrkvist, det bør det ikkje vere i båtbord, fortel Kristen som syner fram stamnane som er i flottaste eik, henta på Nordfjordeid og frakta til Sandane.
— Eg fekk stokkane gratis av Eid kommune, og SFE køyrde dei gratis på plass. Det var veldig kjekt og flott gjort, tykkjer båtbyggaren som elles tek det som måtte bli av problem i prosjektet etter kvart.
— Sidan det er første vikingskipet eg lagar, så blir det litt slik at båten blir konstruert undervegs.

Meir om vikingskipet i fredagsavisa

Å bygge vikingskip er litt som å bygge ein færing, meiner Kristen Arnestad