– Her blir vi godt mottekne og her ser vi fram til å slå oss ned, var beskjeden frå Anita og Jan Petter Leirvåg, busette i Førde, men opphavleg frå Askvoll og Nederland.

– Her har vi både telefon og fiber

Jan Petter og Anita Leirvåg, ho opphavleg frå Nederland, er dei siste som har bestemt seg for å bli sanddølingar. Dei har nett kjøpt tomt, og til våren startar bygginga av nytt hus.



Begge kjem frå arbeid på sentralsjukehuset. Jan Petter er pensjonist, Anita blir det om ikkje alt for lenge. Dei har hus i Førde som skal seljast, og begge ser fram til å flytte til Sanddalen.

Livsløp

Ifølgje dei to komande innflyttarane har dei ein relativt bratt tomt i Førde, noko som medfører trapper. Det er ikkje det gunstigaste på sikt.

– Vi ønskte oss ut av Førde og var på jakt etter ein fredeleg plass å flytte til. Tilfeldigvis fekk vi greie på at her i Sanddalen var det ledige tomter. I haust var vi opp her ei helg for å sjå. Vi fall for tomta, utsikta, naturen, absolutt alt, og måndag kjøpte vi. Tysdag hadde vi arkitekt på plass, fortel Jan Petter som ser fram til å ta fatt på bygginga.

– Dei trur vi er galne

– Naboar og vener i Førde trur vi er galne som gjer dette, men faktum er at med det huset vi no får, ein livsløpsbustad, så blir det enklare å bu her enn i Førde. Her har vi dessutan alt vi treng av infrastruktur som god mobildekning og fiber. Det er ti minutt til Vassenden og E39. Der finn vi daglegvarebutikkar, og må vi til Førde, er det eit kvarter til. Så her er det på ingen måte avsides, men det er ein fredeleg plass med trivelege naboar og eit veldig aktivt grendelag. Berre sjå på det som skjer her i dag, noko slikt ville vi aldri ha opplevd i Førde, seier Jan Petter og kona nikkar.

– Vi glei rett inn i miljøet, endå vi ikkje har flytta. Det er imponerande, smiler ho.

Dei er samde om at det er kjekkare å bygge hus i Sanddalen enn å kjøpe seg ein ny bustad i Førde, billegare blir det også.

Var leie bylivet

Eit anna par vi møtte var Margrethe Riset Gjelsvik og Albert Sowerby Dale. Ho frå Jølster, han frå Hyllestad. Begge har arbeid i Førde og dei «rota» litt rundt der før dei bestemte seg for å flytte på seg. I Sanddalen sto eit hus til sals, og dermed slo dei til.

– Vi var eigentleg ikkje så interesserte i byliv, fortel dei.

Dermed var valet enkelt når dei fekk høve til å kjøpe eit nesten nytt hus, liggande høgt og fritt, med utsikt til Jølstravatnet.

– Det er positivt med så mange unge familiar, og så har vi eit veldig aktivt grendelag. Her trivst vi, smiler dei to som har budd i Sanddalen i to og eit halvt år.

Albert Sowerby Dale og Margrethe Riset Gjelsvik kom frå Førde til Sanddalen og har ikkje angra på det.