Her har det aldri gått steinskred, seier Svein Svalheim. I bakgrunnen deler av tunet hans.

Her har det aldri gått steinskred

Svein Svalheim (68) har budd på bruket sitt på Fluge all sin dag. Han er næraste nabo til bruket som kommunen vil kjøpe til bustadtomtar. No lurer han på kva kommunestyret driv med, som på siste møte utsette saka om å godkjenne kjøpet.

Det var eit knappast mogeleg fleirtal, samansett av Ap, V og H, som fekk utsett saka om å godkjenne ei ferdig fram forhandla og signert avtale om kjøp av eit bruk på Fluge. Arealet som er tenkt til bustadføremål, er på 58 da, og ligg skrått ovanfor Jølstraholmen.
Rasfare
I kommunestyret stilte Judith Kapstad (V)spørsmål ved rasfare i det aktuelle området. Ho hevda å ha sett stein frå Flugefjellet nede på området som er tenkt til bustader, og ho hevda også at det er allment kjent at det går steinsprang i området.
– Har vi kjøpt katten i sekken her, spurde Kapstad, noko som får nabo Svein Svalheim til å reagere.
– Eg har budd her heile livet og har aldri sett ein einaste stein nede på området som er tenkt til bustader. Om det er så rasfarleg som det blir hevda; kvifor har ikkje eg fått greie på det. Er det slik som det blir sagt, så bør eg komme meg vekk her i frå så snart som mogeleg, seier naboen ironisk. Han har også ein kommentar til katten i sekken.
– Viss det er slik at det er ein katt i sekken, så må vi få han ut, det er det det handlar om; å få katten ut av sekken, seier Svalheim og ristar på hovudet av det han meiner er eit merkeleg vedtak.
– Vi kan ikkje basere arealpolitikken her i kommunen på 100 år gamle myter.
– Dei må vise meg steinane
– Det er ingen som nektar for at det går steinsprang oppe i fjellet her, fortel Svalheim og peikar opp i det bratte Flugefjellet, langt ovanfor det tiltenkte bustadområdet. Under det bratte fjellet ligg det store urar og det er også eit breitt, tett belte med skog mellom fjellet og innmarka på Fluge. I tillegg ligg det også ei stor, flat myr på oppsida av det tiltenkte byggefeltet, noko Svalheim tek fram som eit sikringsmoment når det gjeld rasfare.
– Alt av steinsprang stoppar lenge før det kjem ned her, og den steinen som har hamna på tomtearealet må dei møte opp å syne meg, seier ein rimeleg irritert Svein Svalheim som har traska i terrenget under Flugefjellet sidan han var gutunge og kjenner området som sin eigen bukselomme. Då han las om saka i avisa, vart han det han kallar både irritert og forbanna.
– Kva skal vi med geologar når vi har ekspertisen i kommunestyret, seier ein lettare sarkastisk nabo og syner til at NGI har gjeve grønt lys for utbygging utan tiltak på storparten av området.
Flotte tomtar
Arealet det handlar om ligg høgt og fint med utsikt til elva, skisenteret, golfbana og fjella i sør.
– Finare tomtar enn dette skal det leitast lenge for å finne maken til, seier Svein Svalheim der han står og ser på utsikta frå tomtane som vil bli svært lette å bygge på, og som har infrastrukturen med veg, vatn og kloakk liggande klar frå Hjellbrekkefeltet som er næraste nabo på andre sida av bruket.
– Vi er mange her i området som lurer på kva som går føre seg når dei same politikarane som i årevis har masa om mangel på tomtar, no går i mot eit kjøp der det ligg føre ei avtale der grunneigar heilt frivillig vil selje til kommunen. Det hadde vore noko heilt anna om det var snakk om tvang, men det er det ikkje her. Det er eit arealkjøp heilt utan konfliktar, avsluttar Svalheim som håpar at fornufta tek siste stikk til slutt. Han tek også på seg jobben med å vise kommunestyret rundt når dei , ifølgje Svein Svalheim,skal leite etter stein frå Flugefjellet.
Her har det aldri gått steinskred, seier Svein Svalheim. I bakgrunnen deler av tunet hans.

Ifølgje Svein Svalheim vil stein frå det bratte partiet i Flugefjellet stoppe i ura under fjellet og vil aldri komme ned i det planlagde byggefeltet. – Er rasfaren er så stor som det blir hevda, må eg flytte, seier han.
- Her har det aldri vore stein frå Flugefjellet, seier Svein Svalheim som meiner at finare tomtar skal godt gjerast å finne. I bakgrunnen Jølster Skisenter.