Hematt med Prøysen

2014 er jubiléumsår for Alf Prøysen, 23. juli var det 100 år sidan han vart fødd på Rudshøgda i Ringsaker.

Maj Britt Andersen, Inger Lise Rypdal og Viggo Sandvik har sett saman ein unik konsert av sine Prøysen-favorittar, og med seg på scena har dei eit band beståande av tre musikarar på piano, fele/trekkspel og bass/gitar.

Alf Prøysen var ein av Noregs fremste kulturarbeidarar, visediktar og forfattar, og har gjennom livsverket sitt formidla livsvisdom og kvardagsskildringar som i dag er ein svært verdfull del av kulturarven vår.

Trivselshagen er stolte over å kunne tilby konserten Hemmatt med Prøysen, som er ein hyllest av visediktaren.

Dette er årets definitive Prøysen-forestilling og ei fantastisk publikumsoppleving.