GHK måtte gje tapt mot Dale.

Heldt ikkje heilt inn mot Dale

GHK tapte oppgjeret mot Dale med åtte mål.

Det vart eit jamt oppgjer der heimelaget låg under med med fleire mål i starten på kampen, men henta seg inn til pause då Dale leia med berre eitt mål. Ein periode i andre omgang var også heimelaget i føringa, men aldri med meir enn eitt eller to mål.

Markerte ut
Dale sine to beste spelarar, Marit Bøyum og Jeanette Øksenberg, spelar også på Førde sitt lag i 2. divisjon. GHK satsa heile kampen på å markere dei ut, noko laget lukkast bra med, men samtidig vart det store rom for dei andre fotrappe Dale-spelarane å utfordre GHK i.

Ti minutt før full tid var stilling 22-24 og Dale takka for følgje, godt hjelpt av feilpasningar og personlege feil hos heimelaget. Då fekk dei rutinerte GHK-spelarane kvile. Dale drog i frå og vann fortent 26-34.

Mestscorande på heimelaget vart nok ein gong Heidi Sægrov, denne gongen med åtte mål.