Kultursjef Jan-Kjetil Øygard er strålande nøgd med ei ny topp-plassering. Gloppen har kultur for å satse på kultur, seier han. Arkivfoto

Held seg i kulturtoppen

Gloppen best i vest, og nesten best i landet!

I dag legg Telemarksforsking fram norsk kulturindeks 2016 som måler temperaturen på kulturaktiviteten i kommunane. Nok ein gong er Gloppen heilt i toppen i denne kåringa der breidda i heile kulturlivet vert målt. Gloppen er ikkje berre best i Sogn og Fjordane og på Vestlandet på kultur, men er på ein strålande 4. plass mellom dei 428 kommunane i landet. Det var same plasseringa som i fjor, Røros har fått førsteplassen, slik dei også gjorde i fjor.
- Dette er heilt fantastisk. Det fortel at vi utan tvil er fylkets beste kulturkommune og held plassenmellom dei aller beste i landet, seier ein strålande nøgd kultursjef, Jan-Kjetil Øygard. Han framhevar breidda i det gloppiske kulturlivet, ein er god på det meste. Han er også oppteken av å få fram at dette ikkje berre er takka vere kommune, men ikkje minst det imponerande friviljuge arbeidet som vert lagt ned.
Den første kåringa var i 2011, då vann Gloppen kommune like godt. At ein framleis er i toppen meiner kultursjefen er viktig å ta med seg vidare.
Ja, klart dette er viktig for både dei som bur her og dei som ønskjer å busetje seg her. Vi vil gjerne vere ein tilflyttarkommune, og då er kulturlivet og gode oppvekstrammer svært viktig. Eg håpar også at næringslivet vårt nyttar dette for alt det er verdt, seier Øygard, som har eit viktig poeng når det gjeld kommunen sine prioriteringar.
- I Gloppen har det alltid vore satsa på kultur og på å bygge gode anlegg. Her har vore ein kultur for å satse på kultur, også om tidene har vore tronge. Det ser vi no resultatet av, og det skal politikarane ha ros for.
Her er dei ti beste kommunane i Telemarkforsking si kåring, med fjoråret si plassering i parantes:
De ti beste kulturkommunene
1. Røros (1)
2. Trondheim (10)
3. Ål (2)
4. Gloppen (4)
5. Lillehammer (6)
6. Hamar (9)
7. Stavanger (11)
8. Tromsø (14)
9. Molde (8)
10. Nord-Aurdal (3)