Home   >   Nyhende   >   – Held fram den Sogn og Fjordane-fiendtlege politikken

Liv Signe Navarsete. Arkivfoto.

– Held fram den Sogn og Fjordane-fiendtlege politikken

– Det er katastrofalt for mange kommunar at regjeringa vil avskaffe eigedomsskatt på verk og bruk. Det betyr eit inntektstap på 1,7 milliardar på landsplan, for kommunar som Bremanger, Lærdal, Høyanger, Luster og Årdal vil det gje enorme utfordringar. Dette vil gje dårlegare tenester til folk, seier Navarsete i ei pressemelding.

– Når kommunane i tillegg får vekst i frie inntekter på berre 2,3 prosent, og regjeringa svekker ordninga med toppfinansiering til kommunar med ressurskrevjande brukarar ved å heve taket med 50 000 ut over lønsveksten, vert det ein krevjande budsjetthaust. Regjeringa peikar på gode resultat i kommunane i 2016, dei seier ikkje noko om at dette er eingongsinntekter som skuldast endringar i aksjelova, og som difor er borte i 2018.

– Sogn og Fjordane fylkeskommune får inntektsvekst på 0,8 prosent, ca halvparten av gjennomsnittet for fylkeskommunane. Det ligg ikkje midlar til å ta att etterslepet eller satse ekstra på fylkesvegane. Det ligg ikkje inne midlar til fengselet i Vik og HV har fått store kutt som også vil merkast i vårt fylke.

– Halvering av tilskot til breiband vil gje svekka utbygging og omstilling til digital samhandling. 20 prosent kutt i regionale utviklingmidlar vil gje svekka satsing på næringsutvikling, og kutt i pendlarfrådraget vil råke arbeidsreisande i Sogn og Fjordane hardt med opp mot 6 500 i skatteauke. Det at den viktige reiselivsnæringa no får ytterlegare to prosent auke i meirverdiavgifta, vil svekkje lønsemda i næringa.

– Når vi i tillegg ser at det ikkje ligg midlar til samferdsle ut over alt igangsette prosjekt, samt småpengar til rasteplassar, vegkryss og gangvegar, er det ikkje mykje som vil stimulere veksten i Sogn og Fjordane.

– Senterpartiet vil arbeide hardt for å snu budsjettet i ei retning som svarar på Sogn og Fjordane sine utfordringar og søkje å byggje fleirtal for det. Vi er glade for at Kristeleg Folkeparti har kome etter oss og fremja forslag om utjamning av nettleiga sjølv om dei røysta mot det då Senterpartiet fremja forslaget i førre periode. Den saka står vi saman om. Det vert viktig at KrF også tek ansvar på dei andre sektorane og sikrar fleirtal for eit budsjett som reduserer forskjellane både mellom fattige og rike og mellom by og land. Vi i Senterpartiet er klare!