Heilt uakseptabelt

Sist veke presenterte Statens vegvesen dei tre alternativa for den framtidige E39 Byrkjelo – Grodås i eit folkemøte på Byrkjelo.

Mange stilte opp og fekk sjå kor omfattande planane er, og ikkje minst kva konsekvensane kan bli. Her skal det byggjast ein veg dimensjonert for 90 km/t med midtrekkverk, plandelte kryss og elles utan avkøyrsler. Ein tunnel gjennom Utvikfjellet skal føre vegen forbi Innvik til Noregs lengste hengjebru mellom Frøholm og Svarstad.

Dei tre alternativa på Byrkjelo er veg langs dyrka mark frå Hjelle bru til tunnelinnslag ved Tine med krysstilkopling til eksisterande E39 sør for Byrkjelo Sentrum. Det andre er bru over Storelva ved Hjelle bru, veg i dagen på vestsida av elva fram til ny bru ved Teita. Også her vert det kryssløysing sør for sentrum. Det tredje alternativet er å la vegen gå på sørsida av Storelva frå Hjelle bru til tunnelinnslaget på Fløtre.

Alle tre alternativa vil ta betydelege mengder matjord av den beste sorten vi har i jordbruksbygda Breim i landbrukskommunen Gloppen.

Les heile leiaren i papirutgåva måndag.