Future of the Fjords er leveranse nummer to av den grensesprengande modellen Seasight, det karakteristiske designet inspirert av vestlandske hårnålssvingar. Fartøyet er heil-elektrisk med ein installert batteripakke på 1800 kWh. Foto: Brødrene Aa.

Heilelektriske Future of the Fjords er levert

Etter eit omfattande testprogram er heil-elektriske Future of the Fjords levert frå Brødrene Aa sitt verft i Hyen til reiarlaget The Fjords. Fartøyet set ein ny standard for miljøvenleg turisttrafikk, med utsleppsfri transport i det vakre verdsarvområdet mellom Flåm og Gudvangen.

Nybygget er leveranse nummer to av den grensesprengande modellen Seasight som vart kjent gjennom plug-in hybrid fartøyet Vision of the Fjords levert frå Hyen i 2016. Sjølv om begge båtane er bygde med det same karakteristiske designet inspirert av vestlandske hårnålssvingar, er der ein vesentleg ulikskap når ein kjem på innsida av båtane.

Utsleppsfri turisttransport

Future of the Fjords er Brødrene Aa sitt fyrste fartøy som ikkje nyttar forbrenningsmotor i det heile. Båten blir i staden drive av to elektromotorar på 585 hestekrefter kvar som får straumen levert frå ein batteripakke på heile 1800 kWh. Det vil seie omlag 40 gongar så stor batterikapasitet som i ein typisk el-bil. Denne installasjonen gjer det mogeleg for fartøyet å operere med ein fart på 16 knop i 30 nautiske mil før båten må ladast på nytt.

- Å ta Seasight-konseptet endå eit steg vidare og levere ein utsleppsfri båt som tek 400 passasjerar er verkeleg ein milepæl i bedrifta si historie og det syner for alvor at vi no er på veg inn i nullutsleppssamfunnet, seier Tor Øyvin Aa, dagleg leiar i Brødrene Aa.

Skipet sin eigar og operatør, The Fjords, meiner også at ein no set nye standardar for miljøansvarleg persontransport.

- Det er vårt oppdrag å verne det sårbare miljøet vi gjev våre gjestar tilgang til, samstundes som vi gjev dei den optimale naturopplevinga, fortel Rolf Sandvik, dagleg leiar i The Fjords.

Vision of the Fjords representerte eit viktig skifte for oss, men vi hadde ambisjonar om å ta det endå eit steg vidare og erstatte diesel-elektrisk framdrift med heil-elektrisk. Future of the Fjords gjer dette og fjernar samstundes all støy og utslepp til luft på heile ruta. Å overta denne båten er ein veldig stolt dag for oss, og for våre framtidsretta eigarar Fjord1 og Flåm AS. The Future er her!"

Nytt system for hurtiglading og bunkring

Energibehovet ved hurtiglading av båten ville normalt vere uråd å takle for det lokale straumnettet. Som eit svar på dette har Brødrene Aa, i nært samarbeid med The Fjords, utvikla det unike lade- og bunkringssystemet PowerDock. PowerDock er ei 40m x 5m flytekai som inneheld ein 2,4 MWh batteripakke. Denne pakken vil bli lada stabilt frå straumnettet gjennom heile døgnet, og mogleggjer rask og effektiv hurtiglading av fartøy når dei ligg ved kai.

I tillegg til straum, kan PowerDock lagre forbruksvarer og drivstoff til søsterfartøyet, og avløpsvatn kan tømast frå båtane for vidare behandling på land. Dette gjer at begge Seasight-båtane blir dei einaste passasjerskipa som ikkje slepper avløpsvatn direkte ut i fjordane.

Vi håpar Future of the Fjords kan bli eit referanseprosjekt for miljøansvarlege fartøyoperatørar over heile verda, og at det vil markere starten på rein, grøn og spektakulær passasjerfart inn i framtida, avsluttar Rolf Sandvik og Tor Øyvin Aa.



 

PowerDock er eit nyutvikla lade- og bunkringssystem som mellom anna inneheld ein batteripakke på 2,4 MWh som vert lada jamt gjennom døgnet. Dette gjer det mogleg med hurtiglading når det lokale stramnettet ikkje er dimensjonert til å overføre tilstrekkeleg energimengde raskt nok.