Sjur Åge Gimmestad. Arkivfoto.

Heidra eldsjeler i STIL og Jølster IL

To eldsjeler i STIL-fotballen og fire i Jølster IL vart laurdag heidra med fotballkrinsen sin Blå diplom under miljøhelga i Førde.

Gimmestad har dei siste ti åra vore ein sentral person i Sandane-fotballen, både under utbygginga av Sandane idrettspark, men også som leiar i fotballgruppa. Han er ein allsidig kar som utfører ulike oppgåver, anten han styrer lydanlegget, sit på traktoren eller ryddar i idrettsparken.

Knut Stavang (80) har lang fartstid i klubben, og er framleis dommar. Han spelte på Sandane sitt A-lag og kom tidleg inn i styre og stell i klubben. Han har også vore trenar for A-laget og leiar av hovudlaget i STIL.

Også Agnar Bøyum, Hege Hillestad, Øyvind Årdal og Morten Årset, alle Jølster IL, fekk krinsen sin Blå diplom.