Heidi Aabrekk og Intempo vart Årets Gründer i Sogn og Fjordane.

Heidi er Årets gründerkvinne

Heidi Aabrekk fekk prisen som Årets gründerkvinne på Vestlandet for arbeidet sitt med Bravo-leiken, eit hjelpemiddel som skal motverke lese- og skrivevanskar for born opp til tre år. Prisen vart delt ut av Innovasjon Norge tysdag og er på 50.000 kroner.

Aabrekk går no vidare til landsfinalen i Oslo 18. november. Der møter ho fem andre regionvinnarar.