Harry Mowatt har lang fartstid som styremedlem i Helse Førde. no søkjer han fritak

Harry Mowatt søkjer fritak




Harry Mowatt  har søkt om fritak frå vervet som styremedlem i Helse Førde. Helsemessige årsaker ligg til grunn.

Alvorleg diagnose

- Eg har fått ein kreftdiagnose, og skal gjennom ei nokså langvarig behandling. Det gjer at eg vil få vanskar med å førebu meg til møta, og eg vil heller ikkje kunne stille på fleire av styremøta framover. Med den vanskelege situasjonen som er i Helse Førde, er det heilt nødvendig med eit styre som fungerer optimalt. Av den grunn håpar eg Helse Vest får på plass min erstattar så snart som råd, seier Mowatt.

Lang fartstid

den tidlegare ordføraren i Hyllestad har vore medlem av styret i Helse Førde i litt over ni år, og er med det ein av styremedlemene med lengst fartstid. Han møtte på sitt første styremøte 28. februar 2008.

Om sjukdomen seier Mowatt at han er optimist:

- Eg er inne i eit forløp der eg skal veksle mellom å få behandling i Førde og på Haukeland. Eg kjenner meg godt ivareteken.