Home   >   Lokalt   >   Jølster   >   Har samla inn 400 underskrifter

Jarle Helgheim (f.v.), Ida Aardalsbakke Nedrebø, Gerd Dvergsdal og Magnar Juklestad meiner føresetnadene for at Jølster skal gå inn i ein storkommune har endra seg vesentleg sidan folkerøystinga i fjor vår. Dei har gått i bresjen for ein underskriftsaksjon med mål om ei ny røysting og framleis liv for Jølster som eigen kommune.

Har samla inn 400 underskrifter

– Nokre ønskjer ikkje å ha namnet sitt på lista, men eg opplever at aksjonen er blitt veldig godt motteken der vi har vore, seier Jarle Helgheim.

I byrjinga av juli gjekk Helgheim, Magnar Juklestad, Ida Aardalsbakke Nedrebø og Gerd Dvergsdal ut i Firda Tidend og fortalde at dei hadde starta underskriftsaksjon for ny folkerøysting om kommunesamanslåing i Jølster. Dei meinte føresetnadene hadde endra seg sidan eit knapt fleirtal i kommunen 4. april 2016 røysta for samanslåing med Førde, Gaular og Naustdal kommunar.

– Eg har ikkje den fulle oversikta, men vi har fått inn kring 400 underskrifter, seier Jarle Helgheim.

I utgangspunktet var tanken at innsamlinga skulle vare i to veker, men denne pågår enno.

– Vi har ikkje hastverk. Ein del av dei som ønskjer å skrive seg på, har vore vekke på ferie. Vi har ikkje bestemt kva tid vi set sluttstrek og leverer listene til kommunen.

– Trur du kommunestyret vil gå inn for ei ny folkerøysting?

– Det er heilt og fullt opp til politikarane. Eg reknar med dei snakkar saman før dei går til røysting, og eg trur dei vil leggje ein god del vekt på det som skjer i indre Jølster. Om det ikkje skulle bli ny folkerøysting, har vi i alle fall markert misnøya vår med det som skjer.