Jølster-ordførar Oddmund Klakegg meiner Gloppen på eit tidlegare tidspunkt burde ha vore klarare på at dei ønskte å vere med i ei utgreiing med Gloppen pluss Liten SiS.

– Håpte Gloppen hadde vore meir framoverlena

– Gloppen har aldri søkt seg inn i liten SiS, sjølv om eg trur det kanskje var tanken deira i utgangspunktet, seier Jølster-ordførar Oddmund Klakegg.


Før helga vart det tydeleg at viss Gloppen ønskjer å ha eit Sunnfjord-alternativ i kommunesamanslåingsprosessen, må ein knyte seg til intensjonsavtalen som kommunane i liten SiS (Jølster, Førde, Gaular og Naustdal) har inngått. Rådmann i Gloppen, Jan Kåre Fure, meiner dette ikkje er aktuelt.

Formell førespurnad

– Gloppen har ikkje formelt søkt seg inn i liten SiS, men Jølster har heile tida halde døra på gløtt. For Jølster vil det vere ein styrke å ha Gloppen med, vi er to kommunar med mange likskapar, seier Oddmund Klakegg.

– Forstår du at rådmannen i Gloppen ikkje ser på det som eit reelt alternativ å slutte seg til den ferdigforhandla Liten SiS-avtalen?

– Det er vanskeleg å svare på. Eg hadde ønskt Gloppen hadde vore tydelegare tidlegare i prosessen. At Liten SiS pluss Gloppen var noko dei verkeleg ønskte, har ikkje kome klart fram. Fleire gongar i vår og sommar høyrde eg frå dåverande ordførar Anders Ryssdal at det var dette alternativet dei hadde mest lyst til å vere med i. Eg oppmoda han om å kome med ein formell førespurnad om dette, men det har det ikkje gjort.

– Ikkje reforhandlingar

Klakegg understrekar at om Gloppen framleis ønskjer å knyte seg til liten SiS, er det den ferdigforhandla avtalen som er alternativet.

– Dei som vil melde seg på samarbeidet må vere klare og tydelege på dette, gå heilhjarta inn for det og kome med ei tilbakemelding innan 1. desember. Det er ikkje rom for reforhandlingar, det er det ikkje lagt opp til i det heile. Eg hadde håpa Gloppen hadde vore meir framoverlena i denne prosessen.

Han viser til historikken kring kommunereformarbeidet som ei forklaring på at alternativa er blitt som dei er blitt.

– Det heile starta med liten SiS, så vart det opna for heile SiS, som inkluderer Flora. Også andre kommunar melde si interesse, eg vart kontakta av ordføraren i Gloppen, som gav klare signal om at dei ønskte seg inn i reformarbeidet. Gloppen søkte seg så inn på linje med Askvoll, Fjaler, Hyllestad og Solund. Dermed fekk ein det tredje alternativet med ti kommunar.

– Ropar Gloppen

– No sit vi att med liten SiS, men ordføraren i Førde held døra på gløtt for Fjaler og Askvoll. Då ropar eg Gloppen, men skal vi leggje vekt på innbyggjarundersøkinga, er det ikkje så mange glopparar som ønskjer seg til SiS, seier Oddmund Klakegg.

– Burde ikkje alternativet med Liten SiS pluss Gloppen ha vore med som eit alternativ i undersøkinga?

– Tankegangen har heile tida vore at viss det store alternativet bryt saman, sit ein att med Liten SiS, som vart utgreidd også i 2003-2004. Difor gjekk invitasjonane til dei andre kommunane på det store alternativet. Ville Gloppen ha vore med i liten SiS, burde dei sjølve ha søkt seg inn i dette, men eg trur verken Gloppen eller nokon andre såg føre seg ti kommunar då reformarbeidet starta, seier Klakegg og understrekar at for Jølster sin del er Gloppen ønskt med vidare.