Home   >   Nyhende   >   Håpar samarbeidspartia vil setje ned foten for landbruksmeldinga

Styremedlem i Sogn og Fjordane Bondelag, Nils Magne Gjengedal, er svært kritisk til landbruksmeldinga.

Håpar samarbeidspartia vil setje ned foten for landbruksmeldinga

– Dette er det verste eg har sett sidan eg tok over garden på 1980-talet, seier Nils Magne Gjengedal om landbruksmeldinga. Han set si lit til at KrF og Venstre set foten ned.

«Endring og utvikling – En fremtidsrettet jordbruksproduksjon» er namnet på stortingsmeldinga som passerte statsråd 6. desember. Her vert det lagt opp til at landbruket må effektiviserast ytterlegare og tilpasse seg meir konkurranse for å møte ein stadig meir krevjande internasjonal marknad.

Svært ille

Styremedlem i Sogn og Fjordane Bondelag, Nils Mange Gjengedal, er opprørt.
– Dette er det verste eg har opplevd. Samtlege produksjonar er råka. Her er det svært mykje eg er svært kritisk til, seier han og brukar karakteristikken graverande.
Eit av framlegga i meldinga han peikar på, er at Høgre og FrP vil ta vekk avløysartilskotet og i staden legge det inn i husdyrtilskotet.
– Grunngjevinga er eit ønskje om å forenkle, eit ord som går igjen i meldinga, men vi fryktar at konsekvensen vert at det vil forsvinne, seier Gjengedal og viser til at avløysarordninga er eit velferdstiltak av stor verdi for bondens trivsel og velferd.

Fornying
Nils Magne Gjengedal fryktar bortfall av avløysarordninga vil gjere det mindre attraktivt å ta over gardsbruk.
– Sjølv om fristen for innføring av lausdrift er utsett til 2034, må det heile tida ei fornying til. Eg trur det vil bli vanskelegare å bestemme seg for å satse eller ikkje, seier han.
Gjengedal peikar også på at regjeringa føreslår å samkøyre talet kvoteregionar med regionreforma frå 19 til 10.
– Ein konsekvens kan bli at kvoteprisane vert svært høge og forsvinn til område med dei største bruka. Det kan tappe vårt fylke og redusere mjølkeproduksjonen, seier Gjengedal.

Samarbeidspartia

Samarbeidspartia Venstre og Kristeleg Folkeparti har uttrykt skepsis og motstand til fleire av endringane. Det gjeld t.d. reduksjonen i talet kvoteregionar. I tillegg har KrF også uttrykt skepsis til å fjerne den samvirkebaserte marknadsbalanseringa for korn og egg. Også andre tiltak i meldinga vil møte motstand.
– Eg håpar samarbeidspartia set foten ned og rettar opp det som er skeivt og gale. Vår jobb framover vert å få politikarane til å sjå kor graverande landbruksmeldinga er, seier Nils Magne Gjengedal.