Home   >   Nyhende   >   Håpar framleis på opprykk

STIL-trenar Torbjørn Gran. Arkivfoto.

Håpar framleis på opprykk

– Eg er ikkje i tvil om at vi skal greie å halde oss i 4. divisjon viss vi rykkjer opp. Det har vi lyst til å gjere, seier STIL-trenar Torbjørn Gran.

Etter ein bra 1. omgang på Fosshaugane Campus, vart dei heilblå avkledde i 2. omgangen mot den suverene serieleiaren Studentspretten torsdag kveld. Til slutt viste resultattavla 11-1. Filip Pleym Mardal gav gjestane leiinga tidleg i kampen, heimelaget snudde til 2-1 ved pause og såg seg aldri tilbake.

– Studentspretten har eit kanonlag som sikkert hadde hevda seg i toppen av 4. divisjon. I tillegg mangla vi sju av spelarane frå første 11-aren i vårsesongen, seier Torbjørn Gran.

Han viser til at Erlend Ødven Laurhammer, Anders Frøyen, William Landøy og Anders Silden er reiste vekk, og at Ruben Elvebakk Nesdal, Arne Morten Vilnes Øen og Eirik Rauset er skada.

Trass stygge siffer på Fosshaugane har trenaren framleis håp om opprykk. Laget ligg no to poeng bak Kaupanger som har éin kamp mindre spelt. Skal Sandane spele i 4. divisjon neste år, må laget vinne dei tre siste kampane samstundes som Kaupanger tapar to av sine fire gjenståande kampar.

– Kaupanger skal møte både Syril og Fjøra 2/Sogndal 3. Dette er kampar dei kan tape, seier Torbjørn Gran.

Sandane har att Stryn 2 (b), Jølster (h) og Selje (b).

Studentspretten er allereie klar for 4. divisjon neste sesong.