– Vi vil oppmode folk om å gje mest mogleg, for Røde Kors gjer ein viktig jobb. Om barnehagar og skular kan engasjere seg, er det flott, seier Merete Mindresunde i Røde Kors og varaordførar Magni Aa Berge.

Håpar folk er rause søndag

Komande søndag er det klart for ein ny innsamlingsaksjon, og alle husstandar vil få besøk av ein bøsseberar. Årets TV-aksjon går til Røde Kors.

NRK sin TV-aksjon er vorte gjennomført kvar haust sidan 1974. Målt i deltakartal og innsamla midlar per innbyggjar er dette den største innsamlingsaksjonen i verda. Det er ein nasjonal dugnad der alle deltek.

– Stort engasjement

Varaordførar Magni Aa Berge er leiar for den lokale komitéen i Gloppen kommune. I formannskapet måndag minte ho om aksjonen og bad politikarane vere gode ambassadørar for denne. Ho meinte det var viktig at kommunen sine folkevalde framsnakka TV-aksjonen.

– Den lokale komitéen samarbeider med Gloppen Røde Kors om gjennomføringa av årets aksjon, og vi har godt med bøsseberarar. Røde Kors har gjort ein svært god jobb med å skaffe bøsseberarar. Fleire av flyktningguidane i kommunen stiller opp og går i lag med dei som dei er guidar for. Det er flott. Eg tykkjer det er godt at TV-aksjonen går til ein organisasjon med lokal forankring. Då blir engasjementet stort, seier Magni Aa Berge.

Ho håpar både privatpersonar og næringslivet vil bidra.

– TV-aksjonen skal redde liv og gje omfattande helsehjelp til nokon av dei mest sårbare i verda – menneske ramma av krig og konflikt. Krigshandlingar skjer kanskje langt unna oss, men dagleg får vi bilete servert gjennom nyhenda på fjernsynet. Gjennom TV-aksjonen skal meir enn to millionar menneske få livsviktig hjelp, understrekar ho.