Christian Borch.

– Gullalderen er definitivt over

– Den økonomiske veksten vil aldri kome tilbake på same nivå som han har vore dei siste åra. Utviklinga trefte veggen med ein smell, seier Christian Borch.

Mangeårig utanrikskorrespondent i NRK, leiar av Utanriksredaksjonen, ankermann i Dagsrevyen og programleiar i Urix, Christian Borch, er førstemann ut i føredragsserien ”Verda og vi”. Tittelen på føredraget hans er ”Europa ved et veiskille”.

– Må sjå etter andre verdiar

– Vi står ved slutten av ein 30-års periode prega av materialistiske og økonomiske verdiar. Den tida er definitivt over, no må ein sjå seg om etter andre verdiar. Det som er i ferd med å skje er relativt mykje meir dramatisk enn folk flest er klar over. Vi er nøydde til å finne ei form for verdinormering som blir justert mot realitetane, seier Christian Borch og viser til den økonomiske nedturen som er starta – både i Europa og Noreg.

– Nedgangstidene syner att på fleire plan. Arbeidsløysa aukar, særleg i oljenæringa. Sør i Europa er 50 prosent av ungdomane arbeidsledige. I framtida vil vi få redusert evne til å finansiere velferdsgoda våre, det blir færre støttegode, held Borch fram og slår fast at dei gylne tidene i norsk økonomi no er forbi:

– Viss ein definerer gullalderen som ei tid med mykje pengar som ein brukar på ufatteleg mykje tull og tøys, er gullalderen definitivt over.

Les meir i papirutgåva måndag.