Velkommen til Påskeplask, seier Steinar Dvergsdal. Asle Dvergsdal frå Jølster kommune handterer gravemaskina

Gravemaskin redda Påskeplask

Det har i mange år vore tradisjon for at konfirmantane i Jølster badar i Jølstravatnret 1. påskedag. Det skjer ved kyrkja på Helgheim der det er felles gudsteneste for heile Jølster denne dagen.



Det var tidlegare sokneprest Vidar Bjotveit som starta med det som har fått namnet Påskeplask. Det er frivillig å vere med, men som regel er størsteparten av konfirmantane med presten ut i det iskalde vatnet rett etter gudstenesta.

Is skapte utfordringar

I år ligg det is over heile Jølstravatnet, noko som skapte utfordringar for kyrkja sine folk framfor ei viktig hending som Påskeplask.

-Vi kunne ikkje late is stoppe ein tøff tradisjon. Vi var innom og drøfta fleire metodar, mellom anna motorsag og traktor med lastar og gripeskuff. Heldigvis fekk vi på plass ei stor gravemaskin. Elles ville det vorte ein dryg jobb med  30 cm tjukk is, fortel Steinar Dvergsdal. Han er nestleiar i Jølster kyrkjelege fellesråd og følte eit visst ansvar for å legge til rette for årets plask.

 

Stor oppslutnad om kyrkja 

Som vi skreiv i tysdagsavisa er det stor oppslutnad om kyrkja i Jølster. Når det gjeld Helgheim sokn så er frammøtet til gudstenester omlag tre gonger folketalet i soknet. I Førde kyrkje er det til samanlikning eit frammøte på to gonger folketalet. Når det gjeld konfirmasjon er det også god oppslutnad og Helgheim sokn har 100 prosent i år. Dvergsdal har også svaret på kvifor det er slik.

-Dei fleste kjenner seg knytt til kyrkja. Det er likevel slik at vi lever i ei tid der mange aktivitetar konkurerar om tida til folk. Då er det viktig for kyrkja å finne på ting som gjev ein ekstra grunn til å møte fram. Påskeplask er opplagt eit slikt tiltak. Det same er utegudsteneste på Din Jølsterdag med 170 deltakarar og fjellandakt på Hamnanova med 130 deltakarar, 2. pinsadag i fjor. Med det er og utdeling av kyrkje bok og anna til ungar. På Skei er også ein av dei største oppslutningane i landet om speidaren, avsluttar Steinar Dvergsdal som var den som tok initiativ til utearrangementa i fjor.

kommune handterar gravemaskina.