Karsten Warholm og Thomas Mardal på Byrkjelo i 2014

Gratulerer, Karsten!

I kveld tok Karsten Warholm VM-gull på 400 m hekk. For tre år sidan møtte vi han under Sparebankleikane på Byrkjelo.

Der konkurrerte han mot eit anna stort friidrettstsalent, Thomas Mardal frå Gloppen. Den gongen handla det om 10-kamp.

Langt fram

På Byrkjelo spurde vi Karsten Warholm om han trudde han nokon gong kunne bli god nok til OL-deltaking.

-Ja, kanskje, men det er langt fram dit, sa han då.

No er han der og det er berre å bøye seg i støvet for denne idrettsutøvaren som har sterk tilknyting til Gloppen.

På Byrkjelo øydela Karsten eine skoen under høgdehoppinga