Home   >   Nyhende   >   Grå og våt vinterferie

Eit grått og vått langtidsvarsel for vinterferien.

Grå og våt vinterferie

Det ser ut til å verte ei grå og våt vinterferieveke, særleg nede i låglandet.

Til fjells vert det også nedbør, men her vil det i starten kome som snø. Seinare vert det nok regn der også. Men mot slutten av ferien, siste helga ser det lettare ut, så langt.

For den første helga i ferien er meldingane slik:

Fredag: For Vestlandet er meldinga denne helga nordvest frisk bris utsatte stader. Fredag kveld skiftande bris, og på kysten auke til sørleg frisk bris i nord. Nord for Sognefjorden nokre regnbyger, snøbyger i høgare strøk. Ellers skya eller delvis skyet, stort sett opphaldsver.

Laurdag: Auke til søraust stiv kuling utsatte stader, sørvest sterk kuling kring Stad. Laurdag kveld sørvest liten til stiv kuling. Regn, aukande utover dagen. Snø i fjellet.

Søndag: Vestleg frisk bris, periodevis liten kuling utsette stader, om kvelden dreiande sørvestleg. Regnbyger, om kvelden regn. Nedbør som snø i fjellet.

Langtidsvarsel frå yr.no: