Good Time Charlie med Arle Hjelmeland i spissen har i løpet av åra mange gonger vore trekkplaster under Fjord Blues. – Dette er ein festival å vere stolt av, seier han.

Good Time Charlie sviktar ikkje Fjord Blues

I Fjord Blues si 17-årige historie har Good Time Charlie vore ein hyppig gjest og eit viktig trekkplasteret. Bandet er for lengst etablert som eit av landets fremste innan blues og har eit solid fotfeste utanlands. Likevel prioriterer Good Time Charlie med Arle Hjelmeland Fjord Blues.

Sleppte ny cd
Dette året sleppte bandet sin heilt rykande ferske cd ”Diamonds” under konserten fredag kveld. Det skjedde i regi av Gloppen-ordførar Anders Ryssdal.

– Det er ikkje kvar dag det kjem ut ein ny blues-cd i Sogn og Fjordane. Gratulerer, sa han, og Good Time Charlie gav eit entusiastisk publikum ei rekkje smakebitar.

 

Les heile saka i papirutgåva måndag.