Home   >   Lokalt   >   Jølster   >   Golfarane fekk gåve

Bankssjef Alexander Dvergsdal var glad for å kunne vere med på å støtte golfbana.

Golfarane fekk gåve

 – Vi har følgt klubben lenge og det er kjekt å kunne overlevere denne gåva til noko som er basert på dugnad og eldsjeler, sa banksjef Alexander Dvergsdal i sparebanken Sogn og Fjordane. Søndag troppa han opp på golfbana på Vassenden med ein sjekk på 100 000 kroner.

– No er vi så godt som i mål økonomisk med barnegolfanlegget, sa styreleiar Arne Myrekrok då han tok i mot sjekken. Barnegolfbana får kunstgrasdekke og skal takast i bruk i juni, men får offisiell opning i august.

Meir om dette i papiravisa fredag

Det var mange som fekk prøve golfkøllene søndag