Godt å vere gloppar

Gloppen kjem på ein knallsterk 2. plass på Kommunal Rapport sitt Kommunebarometer, berre slegen av fjellkommunen Oppdal i Sør-Trøndelag. Kommunebarometeret er ei samanlikning av kommunane i landet, basert på 123 nøkkeltal innan tolv ulike sektorar, og gjev ein god peikepinn på kor godt kommunane driv og kor gode tenester innbyggjarane får att for skattepengane sine.

Både når det gjeld grunnskule (8. plass), miljø (5. plass) og saksbehandling (4. plass), er Gloppen mellom dei ti beste av dei 428 kommunane i landet. Også når det gjeld barnevern (45) og eldreomsorg (47), scorar Gloppen høgt. Avgangskarakterane i grunnskulen er høge, heimetenesta godt utbygd og alle born i barnevernet har ein utarbeidd plan. Den einaste grunnen til at Gloppen ikkje vert kåra til den beste kommunen i landet, er ein pressa økonomi.

Vi har naturlegvis visst lenge at det er godt å vere gloppar. Kommunebarometeret er med og byggjer opp under dette. Vi bur i eit trygt og godt samfunn med godt utbygde tenester for innbyggjarar i alle aldrar, eit svært rikt og variert idretts- og kulturliv med anlegg på øvste hylle, og eit variert næringsliv med fleire unge, framstormande gründerar som bidreg til å skaffe viktige arbeidsplassar.

Les heile leiaren i papirutgåva onsdag.