Jølster stilte ein fyldig tropp i Holmenkollen og kunne reise heim med ein sjette og ein tredjeplass.

God innsats i Holmenkollen

Jølster hadde to lag i aksjon i Holmenkollstafetten i dag. Herrelaget i klasse to, nivået under eliteklassen, innfridde forventingane og vart nr. seks, 50 sekund frå pallen.

– Vi har som mål å kome ein stad mellom fjerde og åttande plass. Klarar vi det, skal vi vere nøgde, sa Jonny Solheimsnes før helga. Dermed trefte han godt med vurderingane sine.

To lag

Forutan seniorlaget, stilte også Jølster med eit lag i veteran 55pluss, i klasse «andre lag» Der vart det ein tredjeplass, seks minutt bak vinnaren Strindheim. Her hadde også GFIL med eit lag som tok fjerdeplassen, eitt minutt bak Jølster.

I senior klasse 2, vann Gular 02.20 føre Jølster. Yngstemann på seniorlaget var 15 år gamle Håvard Klakegg. Eldstemann på Jølster sitt veteranlag var Kjell Steinset (82) eli anne dvergsdal sprang på Varegg sitt elitelag som vart nr. fire.