Home   >   Nyhende   >   Gloppen/Eid og måla for kommunereforma

Gunnvor Sunde.

Gloppen/Eid og måla for kommunereforma

Lesarinlegg av Gunnvor Sunde.

I denne prosessen har eg lært at dei to kommunane våre er meir ulike enn eg først visste, og nokre «sanningar» er avkrefta.

Problemet er at desse sokalla «sanningane», blir køyrde fram som grunnlag for samanslåing.

Rekruttering: Gloppen har god folketalsvekst, gode tilsette med høg kompetanse, og har lite eller ingen utfordringar med rekruttering. Rekruttering av legar vart brukt av Eid som eksempel, det er svært lenge sidan det var tema, vi har tvert imot ei eiga, god legevakt, ei heilt bevisst prioritering av politikarane i Gloppen. Arbeidsplassar (tal frå fylkeskommunen): Gloppen har over 300 arbeidsplassar meir enn Eid innan industri, landbruk, elektrisitet/vatn/renovasjon, så at Gloppen er dårlegare på industri, kor kom det ifrå?

Auka politisk påveknad: kvifor har Eid skilt ut områder i den kommunale drifta i eigne selskap når fjerning av interkommunale samarbeid er eit av måla til Høgre og Sanner? Eid har då gått enno lenger enn interkommunale selskap ved å skilje ut fleire eigne heilkommunale selskap, sokalla KF- kommunale føretak. Gloppen driv sine selskap i partnarskap med andre: Nordfjordkommunane, SFE og Fylkeskommune for t.d. å få inn ønska spesialkompetanse. Gloppen har ikkje vore tilhengar av KF fordi det er kostnadsdrivande, slik budsjetta til Eid syner overføring i millionklassen til eige selskap.

Effektivisering: Når Gloppen har ei anna administrativ oppbygging enn Eid med færre «lag» av leiarar, og brukar meir ressursar på «grasrota» altså tenesteyting i dei kommunale tenestene som skule- og helse, vil ei samanslåing representere svært store utfordringar. Framstillinga av at det blir vanskeleg å samarbeide som to likeverdige kommunar også i framtida, er grunnlaus skræmsel slik eg ser det, og underkommunisering av det som skjer i større einingar, nemleg auka administrasjon. Det er utslag av New Public Management, trua på at det kan setjast likskapsteikn mellom offentleg og privat drift, noko vi veit er heilt umuleg, fordi det er marknaden som styrer det private. Heilt umuleg på mange kommunale områder.
Når vi i tillegg let vere å ta ut gevinst ved ein felles administrasjon, men byggjer intensjonsavtalen på det mest spiselege» nemleg delt administrasjon, burde varselklokkene ringe for både næringsliv og den gjengse innbyggjar.

Samfunnsbyggjar: Gloppen har mykje ubrukt verdiskaping som kan gje oss pengar i kassa framover dersom vi held fokus på utvikling: Vi er ein stor festivalkommune/ kulturkommune. Vi har eit næringsliv i framgang som er avhengig av større omland enn Gloppen-Eid. Vi har store unytta potensiale innan reiseliv osv.
La oss bruke tid, pengar og energi på å utvikle oss, i staden for å ramme oss inn i eit avgrensa samanslåing som vil krevje år etter år med store ressursar for å vekse ilag.

Kunnskapsgrunnlaget for denne samanslåinga er altfor dårleg, og vil heilt klart gå utover innbyggjarane våre på sikt.

Stem til Gloppen som eiga kommune, då må du bruke NEI-setelen den 30!