Øyvind Fure (f.v.), Jenny Heggheim og Simon Austrheim frå Gloppen ungdomsskule gjorde ein fin innsats i Klassequizen, men kom ikkje til finalen.

Gloppen ungdomsskule rauk ut i Klassequizen

Det vart over og ut for Gloppen ungdomsskule i Klassequizen til NRK laurdag, men laget representerte fylket på ein fin måte.

Fylkesvinnar i årets utgåve av Klassequizen til NRK, Gloppen ungdomsskule, gjekk ikkje vidare til den nasjonale finalen 12. mai. I laurdagens runde på NRK1 der finalistane skulle kårast, deltok ni fylkeslag. Det var Tastaveden skule i Rogaland og Kila skule i Troms som gjorde det best og vert med vidare, men dei tre elevane frå Gloppen gjorde fin figur og låg lenge godt an, men på slutten gjekk det ikkje vegen.

Dei representerte likevel fylket og Gloppen ungdomssskule på ein fin måte, og er ei erfaring og mykje lærdom rikare. Dei tre elevane som representerte Sogn og Fjordane var Øyvind Fure, Jenny Heggheim og Simon Austrheim.