Gloppen J15.

Gloppen sikra andreplassen

Gloppen 2 sikra seg andreplassen i fylkesmeisterskapen som gjekk av stabelen i Trivselshallen i helga. Gloppen 1 vart nummer sju. – Dette er vi svært godt nøgde med, seier trenarane til dei to J15-årslaga, Marit Selbyg Skinlo og Jørn Lothe.

Av lokale lag hadde Gloppen Handballklubb med to J15-årslag i fylkesmeisterskapen laurdag. Søndag var GHK sitt J14-årslag i aksjon.

– Vi opna godt

Jørn Lothe var lagleiar for Gloppen 2, som møtte eit litt svekka Florø-lag i finalen i fylkesmeisterskapen laurdag ettermidag.

– Vi leia 8-2 i første omgang, men Florø henta inn forspranget mot slutten av omgangen og i starten av andre omgang. Florø er eit svært godt lag som satsar stort på handball. Laget trenar fire gongar i veka og spelar i 15-årsserien her i fylket og i 16-årsserien i Hordaland. Der kom dei på 3. plass. Vi opna godt i finalen, men vart noko svekka på grunn av skade utover i kampen. Dermed slapp Florø meir til, forklarer han.

Gloppen 2 hamna dermed på 2. plass av totalt 17 lag i 15-årsserien.

– Eg tykkjer det er fortent at Florø vinn. Dei har vore det beste laget gjennom sesongen. At GHK hamnar på andreplass, er også fortent, seier trenaren.

Les meir om fylkesmeisterskapen i papirutgåva måndag.