Dette laget frå STIL/GFIL vann årets Breimstafett. F.v. Anders Frøyen, Vincent Førde, Vidar Hatlem, Eirik Rauset, Andreas Rauset og Martin Svarstad.

Gloppen-siger i Breimstafetten

Det vart ein jamn og spennande duell mellom STIL/Gloppen FIL og Jølster i herreklassa på Breimstafetten i går. Men denne gongen måtte jølstringane sjå seg slegne av eit ungt og lovande gloppelag. Jente- og guteklassene tok derimot jølstringane seg av.

Eit strålande ver og som vanleg framifrå arrangement laga den beste ramma kring den 77. Breimstafetten. Det var god plass til fleire i bakkane kring idylliske Reed stadion, men ein flott dag for idrett var det på eit arrangement som ivaretek idretten sine viktigaste verdiar, breidde, glede og fellesskap, slik leiaren i Idrettskrinsen Nils R. Sandal uttrykte det i sin appell.

Gloppen og Førde

I herreklassa var nok Jølster favorittar også i år, men dei fekk beinhard konkurranse av laget frå STIL/GFIL, med sterke innslag frå Svelgen. Det var jamt og glopparane var først til siste veksling, og Anders Frøyen sikra sigeren for glopparane på siste etappen. Imponerande av dei unge karane, med fleire fotballspelarar i rekkene.

Dameklassa tok favorittane frå Førde seg av, føre Florø og Gloppen FIL på tredjeplass.

– Kjekt å sikre sigeren

I guteklassa var Jølster klart i føringa då Jon Kristoffer Hestad Navelsaker gjekk laus på siste etappen.

– Eg var redd for å bli teken igjen, seier han. Men det var det ingen fare for, han held koken fint og glade jølstergutar kunne juble etter ein siger dei hadde håpa på, men slett ikkje var sikre på.

Og stemninga vart ikkje dårlegare då også jølstrerjentene sprang inn til ein klar siger i jenteklassa.
I det heile ein flott dag for idrett, sjølv om nokre klasser dessverre vart litt tynne. Men Konglestafetten med dei aller yngste hadde flott deltaking og herleg innsats.

Les meir om Breimstafetten i papirutgåva måndag.