Gloppen janitsjar ønskjer våren velkomen

No har vinterkulda verkeleg kome, men Gloppen janitsjar brukar dagane til å bu seg på våren. Alt komande søndag inviterer korpset til konserten «Vårsøg» i Vereide kyrkje.

Før marsj-sesongen tek til for korpset, står vårkonserten «Vårsøg» på programmet. Janitsjaren har plukka ut eit variert repertoar med vårlege tonar og stemningar.

Vårkonsert

– Det vert mykje norsk musikk, frå Edvard Grieg til Øyvind Lyslo, men òg nokre svenske tonar. Svenskane har eit eige lag med å fange vår- og sommarstemningar i tonar, seier Martin Eikeset Koren, som er leiar av Gloppen janitsjar sitt musikkutval.

– Eit par stykke frå lenger vekke vert det òg, men det musikalske tyngdepunktet i konserten vert opningssatsen frå symfoni nummer 2 av Johan Svendsen. Vi er ikkje så vande med å jobbe med symfonisk musikk, så dette er både utfordrande og utviklande for korpset, men kjekt å spele og flott musikk å høyre på. Vidare kan vi også freiste med fleire flotte solistnummer med musikarar frå våre eigne rekkjer, fortel han.

Gjestedirigent

Dirigent på konserten vert Kjetil Høidal, musikar, produsent og dirigent frå Florø.

– Vi ynskjer å bruke gjestedirigent innimellom. Det handlar ikkje om at vi ikkje er nøgde med John Rune Ødven, som har leia oss stødig i mange år, men det alltid er sunt og utviklande å få spele med forskjellige dirigentar og jobbe på litt ulike måtar, seier Koren.

– Og medan John Rune er fløytist og har spisskompetanse på treblås, spelar Kjetil messinginstrument og kan gje messinggruppa vår tips på ein annan måte. Han har dessutan arrangert eit stykke for berre messingblåsarar som vi skal spele på konserten. Kjetil vitja oss då vi hadde øvingshelg ei tid tilbake, det var eit kjekt møte. Og han kjem attende for å arbeide med oss heile konserthelga.

Sosialt

I tillegg til dei vekentlege øvingane, har som nemnt Gloppen janitsjar lagt bak seg ei øvingshelg med intensiv terping på vår-repertoaret. Det vart øvd både felles og i mindre grupper, men dei hadde òg tid til å setje til livs store mengder kaffi og fastelavnsbollar.

– Musikalsk kvalitet går hand i hand med godt sosialt miljø, seier Koren.

Han er temmeleg fersk i janitsjaren, og har spelt basstrombone der berre i dryge to år. Før det hadde trombona lege på hylla i mange år, heilt sidan ungdomstida.

– Første gongen eg bles i hornet att, heldt eg ut i berre fem minutt, og lydane eg laga høyrdest mest ut som om dei kom frå andre enden av kroppen, ler han.

– Men det vart heldigvis raskt betre. Det var dessutan lett å finne seg til rette sosialt. Det er gjevande å vere ein del av eit stort musikalsk fellesskap, og ein skal ikkje kimse av aktivitetar kor tenåringar og pensjonistar sit side om side. Det var utruleg kjekt å byrje å spele igjen, og eg vil tilrå det på det sterkaste for andre fråfalne musikantar.