Gloppen Hotell er selt

Hotellkjeda Classic Norway har kjøpt Gloppen Hotell. Husfar og tidlegare eigar, Preben Moen, skal halde fram med å drive hotellet. 

- Hotellet passar godt inn i strukturen til Classic Norway. Vi er opptekne av lokal tilhøyrsle, historie, kultur og klassiske hotell. Gloppen Hotell oppfyller alle desse kriteria med god margin, seier eigar og styreleiar Erik Berg (t.v. på biletet).

Gloppen Hotell blir det 18. hotellet i kjeda sin portefølje. Der finn ein mellom andre Strand Hotel Fevik, Håholmen Havstuer, Hotell Utsikten Geiranger, Henningsvær Bryggehotell og Reine Rorbuer.

- Hotellet har utvikla seg svært godt under Preben sin eigarskap og leiing. Det er ikkje så mykje vi treng å gjere, vi skal ta nokre små utvendige og innvendige løft, vonleg allereie i år, seier Berg.

Preben Moen har hatt suksess i dei fem åra han har drive det tradisjonsrike hotellet på Sandane.

- Classic Norway er den rette grupperinga til å ta hotellet vidare til nye høgder. Dei har 18 hotell som lever sine eigne liv, men samstundes er dei del av ei kvalitetskjede. Dei er rå på drift av distriktshotell, det er viktig for Sandane. Vi skal byte flagget i flaggstonga og nokre dørmatter, elles blir alt som før, seier Moen.

Administrerande direktør Terje Hatlen-Stokke i hotellkjeda med base i Molde fortel at Gloppen Hotell har vore i kikkerten deira ei tid.

- Hotellet passar som hand i hanske i Classic Norway. Vi vil utvikle særpreget. Tilhøyrsla til lokalsamfunnet, lokal mat og lokal arbeidskraft er ekstremt viktig for oss, seier han.

Partane ønskjer ikkje å gå ut med beløpet Moen har fått for hotellet han har eigd åleine etter at han kjøpte ut broren Dag Håkon.