Home   >   Lokalt   >   Gloppen   >   Gloppen er nominert til europeisk breiband-pris

Gloppen er nominert til European Broadband Award 2017 for breibandutbygginga til Kandal.

Gloppen er nominert til europeisk breiband-pris

Breiband-utbygginga i Kandal er blitt lagt merkje til. Gloppen er nominert til European Broadband Awards 2017.

– Dette prosjektet er eit godt døme på samarbeid mellom private og offentlege institusjonar om breibandutbygging i utkantstrok, heiter det i nominasjonen. No konkurrerer Gloppen med 49 andre prosjekt i Europa som det einaste frå Noreg.

Spleiselag

Vi saksar vidare frå ordlyden i nominasjonen. Der vert det peika på at finansielt partnarskap ligg bak breibandutbygginga til ei avsidesliggande bygd i Gloppen der kommunen hadde styringa av prosjektet og sikra finansiering frå norske kommunikasjonsstyresmakter og fylket i tillegg til innbyggjarane.

Mange aktuelle

Rådgjevar Egil Henning Ytrøy i Sogn og Fjordane fylkeskommune er den ansvarlege for at Gloppen kommune er hamna i det eksklusive selskapet.

– Dette er eit godt prosjekt i ein avsidesliggande del i Gloppen og Sogn og Fjordane, seier Ytrøy. Han peikar samtidig på at det finst mange liknande prosjekt i fylket som like gjerne kunne vore spelt inn.

Full dekning

Også ordførar Leidulf Gloppestad gleder seg.

– Vi tykkjer vi har eit ambisiøst mål i breibandplanen vår. Det er full dekning i heile Gloppen innan 2020, seier han. Ordføraren rosar Geir Liavåg Strand for å utarbeide gode søknader som fylkeskommunen har følgt opp. Gloppestad rosar også Enivest for utbygginga i Kandal.

– Kvifor er breiband prioritert så høgt?

– Vi ønskjer å utvikle heile Gloppen kommune. Då er fiberkabel heilt avgjerande. No vil vi nå målet om full dekning innan 2020, seier han.

 

Les ein fyldigare reportasje i fredagsavisa