Gloppen bør ut av reiselivsselskap

Fleirtalet av dei som har røysta på den uhøgtidlege spørjeundersøkinga vår på firdatidend.no den siste tida meiner Gloppen bør melde seg ut av Reisemål Stryn & Nordfjord. 56 prosent svara ja på spørsmålet, 31 prosent svara nei og 13 prosent svara at dei ikkje veit.

No har vi lagt ut eit nytt spørsmål. Denne gongen spør vi om det er rett av regjeringa å tillate mineralutvinning i Engebøfjellet i Naustdal og massedeponi i Førdefjorden.