Home   >   Lokalt   >   Gloppen   >   Gloppen årets musikkommune

Bjarne Dæhlie frå musikkrådet delte ut prisen til ordførar og kultursjef i kveld.

Gloppen årets musikkommune

Norsk musikkråd kåra i kveld Gloppen kommune til Årets musikkommune i Noreg.

Generalsektretær Bjarne Dæhlie var til stades under opningskonserten til Gloppen Musikkfest torsdag kveld. Her delte han ut prisen til ordførar Leidulf Gloppestad og kultursjef Jan-Kjetil Øygard.

– Musikk byggjer bruer
– Musikk bidreg til å byggje bruer mellom menneske og opne dører i oss sjølve. Det er kort sagt kva Norsk musikkråd jobbar for. Vi jobbar for at så mange som mogleg skal oppdage musikk og delta i musikk. Det gjer vi alle i kveld. Her bidreg Gloppen Musikkfest til å skape musikkglede. Årsaka til at eg er her i kveld er at vi kvart år deler ut ein pris ein kommune som har utmerka seg i arbeidet for musikklivet, sa han.

Prisen består av heider og ære, men også 50.000 kroner til eit musikktiltak i vinnarkommunen.

– Fagjuryen har vurdert mange kommunar, og det har vore mange verdige kandidatar. Årets musikkommune er ein kommune som brukar ressursane sine godt. Det har ført til eit variert og aktivt musikkliv, med eit godt samarbeid mellom det offentlege og det frivillige. Musikk er blitt prioritert på budsjettet, og det vert gjeve støtte til organisasjonar og festivalar. Kommunen har eit stort mangfald av kor og korps, kammermusikarar, kyrkjemusikarar og folkemusikarar. Kommunen kan vise til stor aktivitet i alle aldersgrupper og prioriterer eigna lokale til å øve og til å framføre, sa Bjarne Dæhlie.