Glopparar til Nordisk meisterskap
Norges Vektløftarforbund tok tysdag ut Robert André Moldestad frå Breimsbygda IL og Hans Sande frå IL Brodd til Nordisk meisterskap i vektløfting for ungdom og junior.
Meisterskapen går på Island 29-30. oktober.
16 år gamle Robert André Moldestad er ein av fire uttekne i ungdom (opptil 17 år). Han skal løfte i klasse 62 kg (56-62 kg kroppsvekt). Han kvalifiserte seg med personlege rekordar då han vann NM 5-kamp G15-16 år i Larvik sist helg.
Det er Robert André sin første landskamp, og det er første gong Breimsbygda IL har ein løftar på landslag i vektløfting.
Hans Sande frå IL Brodd er ein av fire uttekne i juniorklassa og løfter i klasse 85 kg. Han har fleire landskampar i ungdoms- og juniorklassa og medalje i Nordisk vektløfting frå før. Han er no siste års junior og satsar difor ekstra på godt resultat på Island.
Hans er òg toppidrettsutøvar i friidrett der han har vunne NM junior og deltatt i landskampar i friidrett slegge.