Illustrasjon av mogleg flytebrukonsept Anda-Lote: LMG Marin/NordWest3D

- Gledeleg avklaring om bru Anda-Lote

- Det er svært gledeleg at Fylkesmannen slår fast at Eid kommune bør kunne legge inn brukryssing Anda-Lote i arealdelen av vår nye kommuneplan. Nordfjordbrua Anda-Lote er eit bruprosjekt som står på eigne bein og er av særs stor betydning for folk og næringsliv i eit stort omland, seier ordførar i Eid, Alfred Bjørlo (V).

Statens Vegvesen har lagt ned motsegn mot at Eid kommune i arealdelen av ny kommuneplan har sett av areal på Lote til bru over Nordfjorden. Eit samla kommunestyre i Eid står bak ynskjet om å legge til rette i kommuneplanen for bru mellom Anda og Lote.

Klar tale frå Fylkesmannen
Fylkesmannen har nyleg mekla mellom partane utan å kome til semje, og har no sendt saka vidare til Kommunaldepartementet. Fylkesmannen si tilråding til departementet er å ikkje ta motsegna frå Statens Vegvesen til følgje. Fylkesmannen seier mellom anna følgjande i si grunngjeving:

"Etter Fylkesmannen sitt syn hindrar ikkje Eid kommune sine framtidige planar om brukryssing mellom Anda og Lote gjennomføring av utbygginga av E 39 lengre inne i Nordfjord. Det er ikkje noko som tyder på direkte skadeverknader for dei interessene som Statens vegvesen skal ivareta gjennom å følgje opp regjeringa sitt konseptval i Stryn. Det er Fylkesmannen sitt klare syn at staten ikkje skal overprøve kommunen si planlegging så lenge det ikkje er vesentlege statlege eller regionale interesser som står på spel."

Ber om snarleg avklaring
- Eid kommune ventar at Kommunaldepartementet no raskt avklare saka og stadfester Fylkesmannen si tilråding. Det er ingen grunn til at staten skal stoppe eit lokalt initiativ for betre samferdsle i regionen med bru for ferje, særleg ikkje når Regjeringa har fått på plass regelverk som skal legge betre til rette for å gjennomføre gode ferjeavløysingsprosjekt, seier ordførar Alfred Bjørlo.