– Dette er alle tiders. Kurshaldarane har vore flinke til å hjelpe oss. I tillegg har ein del av deltakarane prøvd dette før, seier Sylvia Hidvegi Helset. I rekkja bak ser vi Marit Anne Gjengedal, Morten Leirgul, Ruth Bergheim og Berit Sørland.

Glad ho fekk plass på lefsekurset

– Eg har prøvd å bake lefse ein gong før i lag med slektningar. Eg kjøpte meg utstyr den gongen, men har aldri prøvd på eiga hand. Det har eg ikkje tort, seier Sylvia Hidvegi Helset frå Sandane. Fredag fekk ho nyttige innspel gjennom lefsekurset på museet under Kulturnatt i Nordfjord.

Som kurshaldarar hadde museet hyra inn to dyktige lefsebakarar frå Breim bygdekvinnelag.

– Eksklusivt tilbod
– Eg vart veldig glad då eg fekk plass på dette kurset. Her er berre tolv plassar, så det er eit eksklusivt tilbod. Museet er ein tradisjonsberar. Dermed høver det godt å ha eit slikt kurs i desse lokala, seier Sylvia Hidvegi Helset.

Ho har hatt lyst til å delta på kurs før, men det har aldri passa.

– Korleis har det gått i dag?

– Det har stort sett gått fint, men nokre gongar har eg vore nøydd til å begynne oppatt fordi deigen har sett seg fast. Det er viktig å bruke ein del mjøl under utbakinga av lefsene. Det har eg lært i dag. Det er veldig artig å delta på eit slikt kurs. Vi har det sosialt og kjekt i lag og kan utveksle erfaringar. Skal eg prøve meg heime seinare, trur eg at eg kjem til å satse mest på fiskelefse. Dei kan ein bruke heile tida. Kaffilefsa høver best til jul og andre høgtider, seier ho.

– Dette har vore kjekt
Sjølv om ho opphavleg kjem frå Budapest i Ungarn, er ho opptatt av å lære seg norske tradisjonar.

– Vi har kjevle i Ungarn også, men dei brukar vi til å kjevle pastadeig. Det gjer vi på same måte som dette. Det vil seie at vi bakar ut ein stor leiv, og så strimlar vi opp leiven etterpå og kokar han. Mor mi brukte å gjere det, fortel ho.

Grete Saur frå Reed deltok også på lefsekurset.

– Eg har så vidt prøvd å bake før, og no fekk eg lyst til å prøve meir sidan det vart skipa til kurs. Det har gått fint, sjølv om deigane ikkje var like gode å bake ut. Fiskelefsa var best, men det har vore kjekt. Eg har vore med på alle prosessar før, men det er fint å bake i lag med andre, seier ho.



To typar lefser
Hilde Kvile frå bygdekvinnelaget hadde ansvar for kurset i lag med Merete Nilsen Myklebust.

– Det er kjekt at tradisjonen med å bake lefse blir ført vidare. Eg reknar meg ikkje som nokon ekspert, så i staden for kurshaldar vil eg heller kalle meg medbakar. Målet er at vi skal lære ifrå oss det vi kan, og så deler vi erfaringar med kvarandre. Her får deltakarane lage to typar lefse, ein type fiskelefse og ein type kaffilefse, fortel ho.

– Kva oppskrifter brukar de i dag?

– Den oppskrifta som er mest vanleg å bruke når ein skal lage fiskelefse er å bruke ein tredel mjøl, ein tredel poteter og ein tredel semulegrynsgraut. Det som eg brukar å gjere er å lage semulegrynsgraut, og så har eg opp i godt med smør. Deretter rører eg inn kveitemjølet medan grauten er varm. Denne deigen er enkel og grei å bake ut. Når eg skal lage kaffilefser, rører eg smør og sukker kvitt, har opp i egg, kulturmjølk og kveitemjøl. Eg brukar hornsalt som hevingsmiddel, fortel Hilde Kvile.

– Kjempegode
Ho tykte museet var ein god stad å vere.

– Her er rikeleg med straum, og det treng vi når vi skal bruke så mange takker, seier ho.

– No har de smurt nokre lefser og har fått smake på dei. Var dei vellukka?

– Eg tykkjer dei var kjempegode. Eg trur dei fall i smak hos deltakarane også, smiler ho.

Grete Saur steikjer lefsa ho har kjevla ut.