– Veldig trist. Djupvik er ein stor ressurs som har bidratt veldig mykje. Dette kom som lyn frå klar himmel, seier  «Kongen av skiskyting», Ole Einar Bjørndalen. Han fortel at Morten var ein av grunnane til at han valde å halde fram, og at han har betydd mykje for han.

Den 42 år gamle hyaren vart sjef for skiskyttarane i 2014, og kom dit etter stor suksess med langrensherrane. Han vart førespegla ei meitr administrativ rolle. Men etter det NRK erfarer har arbeidsoppgåvene og belastninga over tid vorte større enn det han vart førespegla.

– Dette er veldig  synd. Han er ein bra mann og ein samlande figur. Det er tøft å miste han framfor ein OL-sesong, seier NRK sin skiskyttarekspert Halvard Hanevold.