Jørgen Dølvik Husbyn (t.v.) og Pål Kristian Gimmestad i Nordfjord Grovsyklarklubb er to av dei som rustar opp stiar i Gloppen for stisyklistar.

Gjer Gloppen til sykkel-eldorado

Dei har arbeidd fleire hundre dugnadstimar og gjort Veten-råsa til ei perle blant turstiane i Gloppen. No er dei i gang med eit nytt prosjekt.

I fleire veker har dei hatt såkalla ”midtveke-dugnad” på stien til Veten. Stien startar ved vasstanken i Valborgkleiva og går til Leirstøylen, men like før støylen tek ein arm av til Veten. Dette er det mest besøkte tur- og trim-målet i Gloppen.

I vekst
Heilt til for nokre år sidan var Veten eit mål berre for gåande. Slik er det ikkje lenger. Stisykling breier om seg og er blitt ein meir og meir populær aktivitet. No er det slett ikkje uvanleg å treffe syklistar til og frå Veten eller andre fjelltoppar.


– Stisykling er ein hobby i sterk vekst, også her i regionen. Andre stader ser vi at det lett kan bli konflikt med andre brukargrupper og grunneigarane. Det ønskjer ikkje vi. Vi har arbeidd dugnad for å vere i forkant. Eigentleg har vi same interesser alle; å kome ut og bruke naturen, seier Jørgen Dølvik Husbyn og Pål Kristian Gimmestad. Førstnemnde er leiar i interesseorganisasjonen Nordfjord Grovsyklarlaug.
Derfor har dei arbeidd dugnad og gjort Veten-stien til eit smykke alle har glede av. Ein ”bærekraftig” sti kallar dei det.
No vil dei gå i gang med å ruste opp stien til Haugsvarden.

Les meir i måndagsavisa og sjå fleire bilete

Stien til Veten er ferdig opprusta. Han er også blitt svært fin for turgåarar.