Home   >   Lokalt   >   Gloppen   >   Gjæv pris til Simen

Simen Aabrekk. Privat foto.

Gjæv pris til Simen

– Med dette stipendet får eg høve til å lære endå meir om klassisk musikk. Eg håpar ein som både speler eit instrument og likar å komponere vil jobbe med meg. Det er nemleg medan vi lagar ting eg lærer mest, seier Simen Aabrekk.

Under frukostkonserten “Morgonstund har gull i munn” i regi av Gloppen Musikkfest på Lauget laurdag, blir Simen tildelt årets pris frå Ånun Lund Rejs Minnefond. Fondet deler kvart år ut midlar for å inspirere born og unge til kunstnerisk og skapande utvikling, det vere seg klassisk musikk og komponering, teikning, måling eller kreativ skriving. Prisen er i år på 30.000 kroner, og han går eine og åleine til Simen Aabrekk for å støtte han i å videreutvikle interessa for komponering innan klassisk musikk. Dette er første gong ein person frå Sogn og Fjordane er prismottakar.

– Vi deler vanlegvis ut stipendet til unge talentfulle utøvande musikarar, men fann denne søknaden spesiell og i tråd med stifting si ånd; at det er der talentet og skaperkrafta sprengjer seg fram, trass i ulike avgrensningar, at vi ønskjer å vere med å anerkjenne og inspirere til vidareutvikling. Det er kjekt å kunne bidra til å løfte fram barn nettopp i ein tidleg fase for at dei kan utvikle potensialet sitt, seier Ragne Birte Lund frå stiftinga.

Simen fortel at han lærde tonane og notane då han var liten, og at det var venen Vegard Holm som lærte han opp.

– Etter det valde eg berre fleire og fleire notar, og songane blei lenger og lenger. Vegard spelte det eg laga, og eg likte det så godt at eg ikkje slutta, seier prisvinnaren.

På spørsmål om kvifor han likar så godt å komponere, peikar han med fingrane over bokstavbrettet sitt og fortel vidare:

– Eg klarer ikkje å snakke, så det er ikkje alltid eg får sagt det eg vil. Når eg lagar musikk, opplever eg at folk verkeleg lyttar, det kjennest godt. Det eg også liker med komponering, er at det er så kjekt å gjere det i lag med fleire. I lag med vener kan eg komponere på dataen, men eg skulle gjerne hatt eit lite kammerorkester som spelar akkurat det eg vil.

Laurdag ettermiddag er det ikkje berre eit kammerorkester Simen får høyre, heile Kringkastingsorkesteret, KORK, er på plass i Trivselshallen som hovedattraksjon under Gloppen musikkfest 2017. Dei spelar mellom anna eit av stykke han har laga i lag med to vener. Kom og høyr!

Ånun Lund Rejs Minnefond blei oppretta av foreldra til Ånun i 1991, til minne om sonen som berre ti år gamal omkom i ei taubaneulukke i dei sveitsiske alpane i 1990. Sidan fondet blei oppretta, er det blitt delt ut rundt 1,5 millionar kroner. Fleire av dei tidlegare mottakarane er mellom de fremste utøvarane i klassisk musikk i Noreg i dag, og dei hevdar seg også godt internasjonalt.