Jesper Melin Ganc-Petersen tok imot prisen tysdag kveld.

Gjæv pris til Jesper Melin Ganc-Petersen

Jesper Melin Ganc-Petersen i Helseinnovasjon-konsernet vann EY Entrepreneur Of The Year, kategori Tjenester. Prisen vart delt ut på Radisson Blu Plaza i Oslo i kveld.

Om grunnleggjaren av Melin Medical, som har hovudkontor på Sandane, seier juryen:

«Vekstskaperen hadde selv ideen til og står i spissen for et konsern med meget sterk innovasjonskraft. Han har vist engasjement og vilje til nyskaping i en konservativ og strengt regulert sektor. Stort internasjonalt potensial gjør dem godt posisjonert for videre vekst.»

EY Entrepreneur Of The Year kårar kvart år den største vekstskaparen i Noreg og meir enn 60 andre land. Kåringa fokuserer på enkeltpersoner i vekstselskapa. For å bli kåra til EY Entrepreneur Of The Year må ein ha entreprenørånd, evne til å drive lønsamt og tenkje nytt, ha internasjonale mål, samt personleg integritet og påverknadskraft. Vedkomande må òg ha eigarinteresser og inneha ei leiande stilling i eit selskap som kan vise til gode økonomiske resultat og vesentleg vekst i omsetning og arbeidsplassar.

Jesper Melin Ganc-Petersen. Arkivfoto.