Fem tidlegare GHK-spelarar gjorde com-back i serieopnnga. Her er tre av dei; Bodil Hjelmeset (bak t.v.), Eli Anne Birkelund og Ingrid Gimmestad.

GHK satsa på rutine og vann seriestarten

Ei rekkje tidlegare GHK-spelarar på damelaget til GHK i 3. div. gjorde come-back i Trivselshallen. Herrelaget gjekk på eit klart tap

GHK satsa på rutine i årets første kamp. Søndag var det serieopning i kvinnene sin tredje divisjon. GHK møtte Kjøkkelvik som i fjor spelte i 2. divisjon. Heimelaget drog sigeren i land med resultatet 15-11.

Come back
Tilbake på GHK var Ingrid Gimmestad, Bodil Hjelmeset, Eli Anne Birkkelund, Linn Kristin Øren og Ingunn Berg. Kanskje gjekk det litt saktare på bana, men der tempoet mangla, slo rutinen inn.
- Kjell Aske har gjort ein god jobb. Han lokka med at Øyvind Indrebø skulle vere trenar. Det er heilt supert, smiler lagkaptein Ingrid Gimmestad.
Årsaka til at dei rutinerte spelarane er tilbake, er at det er så få yngre spelarar som kjem opp denne sesongen.
- Det rettar seg neste sesong. Vi har berre lova oss for ein sesong, seier Ingrid Gimmestad.

Tok over i andre omgang
Det vart ein målfattig kamp, der tempoet ikkje var all verda. Laga hadde kvar sin omgang. Ved pause leia Kjøkkelvik med eitt mål, 7-6.
GHK kom sterkare i andre omgang då laget fekk meir tak på avslutningane, og ikkje minst fordi målvakta Linn Kristin Øren stod godt i mål og heldt laget inne i kampen. På slutten stokka det seg også for gjestane, og heimelaget gjekk jublande av bana.
- Eg er veldig tilfreds med forsvarsspelet. Filosofien min er at dersom vi skal vinne kampar, må vi først og fremst stengje att bak, seier Øyvind Indrebø.
Sluttresultatet vart 15-11.

Klart tap for herrelaget mot Vålerenga


Herrelaget tapte klart mot Vålerenga i 2. divisjonsoppgjeret.
Det var ein relativt jamn første omgang, men Vålerenga gjekk til pause med fem mål å gå på. I andre omgang var det klasseskilnad på laga. Gjestane heldt klart høgare tempo. Med utgangspunkt i eit større spelemessig grunnmønster varierte og overraska laget GHK-forsvaret gong etter gong. Alt tidleg i omgangen var spørsmålet berre kor stor sigeren skulle bli.
Laurdag tapte Våerenga for Bergsøy. GHK må heve seg i komande oppgjer.
Sluttresultatet vart 22-36.

Fyldig reportasje i papiravisa onsdag

GHK tapte 22-36 for Vålerenga.