Erlend Ulvestad og Ørjan Sundal i aksjon for GHK.

GHK med årets største siger

GHK sikra tabelltoppen med utklassigssiffer over BI.

Heimelaget fekk ein trøblete start, men tok seg fint inn etter ein time-out der trenar Daniel Dammyr korrigerte kursen.
Ved pause leia GHK 12-7. Sluttresultatet vart 32-19.
Dagens spelar vart Sindre M. Flatjord med seks mål.

No er det god stemning i laget, seier Ørjan Sundal og gjev trenaren honnør for fokusere på at kvar enkelt spelar skal utvikle seg og for å setje strengare rammer. I neste kamp ventar botnlaget Sotra 2 i Trivselshallen.