Malin Isane Førde & co. tapte 3. divisjonskampen laurdag.

GHK-damene bør slå Jotun

Søndag kjem det tidlegare flaggskipet i damehandballen i Sogn og Fjordane, Jotun, på vitjing til Trivselshallen.

Det er ikkje meir enn tre år sidan Jotun spelte 1. divisjonshandball. Sidan den gongen har det skjedd mykje i årdalsklubben, det meste med negativt forteikn om ein ser på den sportslege utviklinga.

I motsetnad til tidlegare, då klubben henta inn utanlandske spelarar, stiller årdølane i år med eit ungt lag med lokale spelarar. Så langt har sesongen vore ein einaste bratt motbakke, med tap i alle dei seks kampane så langt.

Gloppen har motsett kurve. Etter ein tung sesong i fjor, har laget heva seg og vunne fire av seks kampar så langt i år.

Vi tippar glopparane tek to nye poeng og nærmar seg toppen i 3. divisjon.

GHK sitt herrelag, som er serieleiar i si 3. divisjonsavdeling, har spelefri denne helga. Neste kamp er mot botnlaget Sotra 2 på heimebane 29. november.