Gloppen Friidrettslag sytte for tre medaljar og fine prestasjonar i sleggekonkurransane laurdag. Evald Osnes Devik tok gull i U23-klassa, der Hans Sande sikra bronse. Marius Rygg Storsletten tok bronsen i U20-klassa, der også Håkon Hjelle Roset, Steffen Fjellestad og Håkon Fjellestad konkurrerte. Foto: GFIL.

GFIL sikra fleire medaljar

Gloppen Friidrettslag tok tre nye medaljar i junior-NM i friidrett i Harstad laurdag – eitt gull og to bronse.


Alle dei tre medaljane kom i slegge laurdag ettermiddag. I U23-klassa slo Evald Osnes Devik til med gull med eit kast på 59,07 meter. I same konkurranse tok Hans Sande bronsen, han kasta 52,96 meter.









I sleggekonkurransen i U20-klassa stilte GFIL med fire utøvarar. Magnus Rygg Storsletten sikra seg ein flott bronsemedalje med eit kast på 55,15 meter. Håkon Hjelle Roset tok femteplassen med lengda 50,61 meter. Håkon Fjellestad på sjuandeplass kasta 40,57 meter, og Steffen Fjellestad på åttandeplass hadde 39,79 meter som sitt lengst kast.









GFIL har frå før to medaljar i meisterskapen. Hans Sande tok bronse i diskos fredag, mens Vincent Sondre Førde sikra bronsemedaljen på 3000 meter hinder.


GFIL-utøvarane Evald Osnes Devik og Hans Sande sikra gull og bronse i slegge i U23-klassa laurdag. Foto: GFIL.
Magnus Rygg Storsletten tok ein flott bronsemedalje i U20-klassa i slegge. Gullet gjekk til Martin Kornerud, sølvet til Kristen Brosvik. Foto: GFIL.