Elin Isane har over 30 medaljar i NM i friidrett. Komande helg kan det bli fleire.

GFIL har fleire medaljekandidatar i friidretts NM

Gloppen Friidrettslag stiller med ei fyldig tropp i friidretts NM på Askøy komande helg.

Jørund Årdal meiner GFIL sine utøvarar kan ta 4-6 medaljar under NM i friidrett på Askøy komande helg.

Arrangør er Ask Friidrett som melder at dei er klare til å ta i mot dei 420 påmelde deltakarane. Gloppen Friidrettslag kjem med ei tropp på elleve utøvarar og Jølster med ein.

Merete Helgheim er gullkandidat på 3000 meter kappgang. Ho har vore best i år og er den einaste gull-kandidaten frå GFIL.



Ein annan kandidat til å ta medalje er Elin Isane (41) som har delteke samanhengande i NM i 20 år og framleis held om lag same nivå. Ho skal også delta i kule


Dei andre medaljekandidatane er Trude Raad i sleggje og Else Lundestad Bakkelid i diskos.

På herresida er Vincent Sondre Førde i stand til å ta medalje på 3000 meter hinder. Også Thomas Mardal nærmar seg medaljenivå på seniornivå, først og fremst i diskos. Han lukkast ikkje heilt i junior VM, men er i god form. Han skal også delta i sleggje og kule.

Blant medaljekandidatane er også Evald Osnes Devik i sleggje.
I tillegg deltek Marte Rygg Årdal i sleggje, Kjersti Hjelle Eide i høgde, Steinar Kleppe og Hans Sande i sleggje.

Frå Jølster skal Edvin Øygard delta både på 5000 og 10.000 meter. Eli Anne Dvergsdal er også påmeldt i desse løpsøvingane, men ho representerer IL Gular.

Sogn og Fjordane Friidrettskrins stiller ei fyldig tropp på om lag 20 utøvarar.

Merete Helgheim er gullkandidat i kappgang.
Elin Isane har over 30 NM-medaljar. Ho har også medaljesjansar i år.