Svært mange kom for å vere med på konserten med Sigrid Moldestad med band og Breimskoret.

Gav heimepublikum ei feststund

Over 200 personar kom til konsert med Sigrid Moldestad og Breimskoret i Breim kyrkje.

– Aldri hadde eg drøymt om dette, sa Sigrid Moldestad og såg utover ei nesten fullsett Breim kyrkje. Deretter gav ho publikum ei feststund saman med Breimskoret og sitt eige band.

Tittelen på konserten var «Himlen har sove bort mørkret», henta frå ein av Sigrid sine mest populære songar. Det gav konserten ein skikkeleg flott start.Ho framførte også ei rekkje andre songar ho er kjend for i tillegg til reine instrumentalinnslag saman med bandet.

Påminningshus
Det vart ein svært triveleg konsert der publikum kosa seg og var rause med applausen. Overskotet frå konserten skal gå til å renovere Pederhuset.
– Det vil eg gjere til eit påminningshus. Det er eit hjerteprosjekt eg kjenner meg veldig trygg på at eg vil gjennomføre, sa ho. Pederhuset står ved Norsk Fjordhestgard og har i fleire år vore i sakte forfall.

Sjå reportasje i fredagsavisa.