Home   >   Fylket   >   Fylkeskommunen søkjer ny UKM-arrangør

«Maja og di», Mariann Endal Husevåg, Maja Selsvik, Thea Selsvik på scena under UKM 2017. (Foto: Martha Linnea Pukallus, UKM Media, Sogn og Fjordane fylkeskommune)

Fylkeskommunen søkjer ny UKM-arrangør

UKM-festivalen Sogn og Fjordane er det største årlege UKM-arrangementet i fylket. No er vi på jakt etter ny arrangør for 2019-festivalen.

Sogn og Fjordane fylkeskommune inviterer moglege hovudarrangørar for UKM-festivalen Sogn og Fjordane i 2019 til å melde seg. Dei siste åra har festivalen vore arrangert i Høyanger.

– Vi har som mål at festivalen skal flytte rundt i fylket og ha ulike hovudarrangørar. Fylket vårt har mange kulturhus som er godt eigna å arrangere festivalen, seier Eva Kristin Svidal som er fylkeskontakt for UKM.

UKM-festivalen samlar kvart år kring 300 ungdommar til sosiale aktivitetar, workshops, utstilling og sceneframsyningar. I tillegg til å delta med utstillingsarbeid og sceneinnslag, kan ungdomar delta som konferansierar, unge arrangørar og i UKM Media.

Årets festival vert arrangert i Høyanger 13.–15. april, og fylkeskommunen håpar å ha hovudarrangør for festivalen i 2019 på plass innan den tid.