Hilde Marie Holsen har fått furorestipend frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

Furorestipend til Jølstring

Den 28 år gamle musikaren Hilde Marie Holsen frå Jølster har fått Sparebankstiftinga sitt Furorestipend for 2017. Stipendet er på 50.000 kroner

Holsen var i fjor ein av artistane under "Jazz på Jølst" då ho "tjuvstarta" festivalen med konsert på "løa" Jølstraholmen.

Blåsar i 20 år

Hilde Marie starta si karriere med kornett i Vassenden skulemusikk for tjue år sidan, og takka vere dirigentar som Gunnar Smaadal og Ragnvald Søgnesand, vart ho skubba vidare inn i eit løp som førde henne til musikkonservatoriet i Kristiansand, via musikklina på Firda. Undervegs vart det overgang til trompet, og etter kvart ei internasjonal karriere som i 2015 resulterte i plateutgjeving og som også har ført henne til mange scener rundt om i Europa.

Hilde Marie er no fulltids musikar, komponist og dirigent og har truleg ei strålande karriere framfor seg.