Home   >   Kultur   >   Furorestipend til Ingrid og Maria

Helene Gåsemyr i Sparebanken delte måndag ut Furorestipend til Ingrid (t.v.) og Maria W. Ose.

Furorestipend til Ingrid og Maria

Ingrid og Maria Wendelborg Ose frå Sandane vart måndag tildelte Sparebankstiftinga sitt furorestipend.

Stipendet vart overrekt ved Norges musikkhøgskule, der dei to studerer.

Her er juryen si grunngjeving:

Tvillingane Maria og Ingrid W. Ose frå Sandane er 19 år, og har spelt fløyte i 12 av desse åra. Å utmerke seg musikalsk er svært krevjande, og krev ei langvarig, seriøs og målretta satsing med fleirfaldige daglege øvingstimar. Nettopp det har Maria og Ingrid gjort, noko som har ført til at dei jamnt og trutt har nådd nye milepælar og utviklingstrinn. Som å bli plukka opp til talentprogram på Gloppen Kulturskule, Barratt Due og Griegakademiet; opptre med KORK, Bergenfilharmonien, Norsk Ungdomssymfoniorkester, Oslofilharmonien med fleire, og hatt master class med nokre av verdas beste fløytistar. Nokre prisar og premiar har dei òg plukka med seg på vegen, og i haust byrja dei altså på Norges Musikkhøgskule.

Juryen påpeiker at Furorestipendet er eit personleg stipend. Søknadane frå Maria og Ingrid er difor blitt vurderte kvar for seg, og uavhengig av kvarandre. Men juryen er ikkje i tvil om at dei begge har vist brennande engasjement og satsingsvilje langt over det ein kan forvente, og ikkje minst oppsiktsvekkjande musikalsk talent. Juryen gratulerer og ønskjer all mogleg lukke til vidare.

Juryen for furorestipendet har bestått av:
Stig Roger Eide (Avisa Firda),
Torill Faleide (Førdefestivalen)
Trude Skarvatun (Førde kulturskule),
Terje Lyngstad (tidl. teatersjef, SoFT/Hordaland teater)
og Pål Fidjestøl (Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane)